Familien Holmøy Berg's Blog

Trykk på bildet til høyre for å få vite mer om oss.

Subscribe to RSS feed

2009 sommar og høst

Hei!

No er det lenge sidan sist, og mykje har skjedd. I sommar var vi blant anna ei lita veke på Sula, ut i havgapet utanfor Trondheim. Her hadde vi nokre fantastiske dagar med mykje fint vær og turar på sjøen. Vi fekk mange krabber, det var stor stas for store og små. Krabbefest vart det..:-) Vi var òg på Hunderfossen og Lilleputthammer, det var stor stas for dei minste.

IMG_2045.JPGIMG_2040.JPGIMG_2073.JPGIMG_2184.JPG

Vi rakk også innom hytta vår i Gisnadalen, her storkosa vi oss som vanleg.IMG_1916.JPG
PS: Det var ikkje farlig å bli 40 år, det kan anbefalast. Helsing Kristin m/fam

I sommar og høst har vi hatt eit stor prosjekt på kjøkkenet, og målet er eit ferdig oppussa kjøkken før jul. Vi er no komt langt, og vi ser at målet er innan rekkevidde. Det har ellers vært ein begivenhetsrik høst, og Ørjan og eg har nettopp feira 40 årsdagar begge to. Eg har vært ein tur til Spania i lag med mine kjære barndomsvenninner. Vi fekk låne huset til mine foreldre og storkosa oss. Det er fleire bilder i bildegalleriet vårt. IMG_2316

Trine har vært på besøk og vært med oss å feira, vi har spist og kosa oss. Den nye gasskomfyren vart innvia med lammelår, det var kjempegodt. Nam, nam, Ørjan det var godt.
IMG_2407IMG_2406

På forrige lørdag vart eg "kidnappa" av gode venninner, og tatt med på spa. Det var kjempeherlig med godt selskap, god champagne, frukt og rygg/nakke massasje. Dagen vart avslutta med ein god middag på restaurant og eit par drinkar og mykje latter på ein bar i Trondheim... fantastisk artig.
IMG_2382IMG_2394
Det var ikkje farlig å bli 40 år, det kan anbefalast. Tusen takk for gaver og fine opplevingar. Klem frå Kristin m/fam

Påske og 17 mai 2009

, ,

HeI!!!

Endelig blir det ein ny blog frå familien HBerg. Av forskjellige grunnar har det vore lenge sidan sist. Blant anna har eg (Kristin) fullført doktorgraden. Disputas var 5 desember 2008. Ein blog frå disputas med fest kjem seinare.

Sidan sist har vi fått oss hund, ein soft coated wheaten terrier, som heiter Baltazar. Han er født 2. Juni 2008, og er ganske snart 1 år. Han er ein vilter og koseleg hund. Delar av påska var vi på hytta som vi leiger i Gisnadalen (Rennebu).

BaltazarHyta

I påska var det varierande vær. Martin og eg hadde ein fantastisk dag på slalom i Oppdal. Ellers var vi og såg på hestane på ein gard like i nærheten av hytta.

IMG_1799

Her kjem nokre bilder frå 17. mai. Vi hadde ein tradisjonell dag med barnetog, kake, brus, is, ispedd ein del leikar.

IMG_1830

IMG_1841

IMG_1845

IMG_1849IMG_1856

Til slutt må eg nemne at vi i fjor haust fekk ny au pair. Ho heiter Senobia og kjem frå Peru. Ho har glidd fint inn i familien. På bildet under er ho til venstre :-)

IMG_1876

Det er lenge sidan sist blog, men no skal det bli litt oftare framover....

Ha det bra så lenge

Gudmor Trine var på besøk!

Høsten er gått og mye har skjedd siden sist vi skreiv i bloggen, advent er bare noen dager unna.
Martin har allerede nådd å bli så stor som han viser på bildet under.




Martin stortrives på skolen og har i høst lært alfabetet og kan å telle til hundretusenfjortenmillioner.

På skolen hans driver de på med mye artig, her i høst hadde de drama og Martin skulle ta noen rocka dansetrinn. Det endte med drama og en tur til tannlegen. Flere tenner løsna og tannlegen trekte en melketann og han måtte feste en stålstreng på de andre tennene som løsna. Men det gikk bra til slutt. Under viser Martin stålstrengen.



Jenny har også blitt en skikkelig stor jente med masse tenner. Det beste hun vet er spagetti



Hun er ei skikkelig bestemt lita dame som ikke lar seg pille på nesa. Vi gruer oss til hun kommer i trassalderen. Men hun vet hvordan hun skal sjarmere alle og være søt også.



Å bade og sprute vann på storebror er veldig morsomt synes hun



I oktober fikk vi au pair. Marlou kom helt fra Phillipinene for å være sammen med oss her i Klæbu. Hun er i ferd med å skjemme oss helt bort. Martin og Jenny stortrives med Marlou. Martin lærer engelsk av henne mens Marlou lærer norsk av oss. Hun er flink med gitar og Martin har lyst å lære gitar av henne.





Siv Elin har bestemt seg for å ta et stort steg i vårsemesteret. Da skal hun til Berkley i California for å studere. Hun har lovt å holde oss oppdatert. Lykke til Siv Elin.




Jula kom tidlig for oss i år... Ho Gudmor Trine kom på besøk!!! Det var veldig veldig artig for oss alle sammen. Spesielt fikk ho og gumor bane Jenny god kontakt.

Se på dæm, e dæm ikke søte å sjarmerandes??



Sjarm trollan



Nåkka sei mæ at de her toan vill finne ton i lag i åran som kommer.




Med Trine på besøk ble det masse god mat, vin å fliring. Synd ho ikke va på besøk længre, kanskje da hadde æ Ørjan blidd frisk. Kæm veit.



Kom snart på besøk igjæn Gumor Trine bigsmile

Martin har blitt skulegut og Jenny har begynt i barnehagen!

, ,

Hei igjen!

No er sommaren over og Martin hadde sin første skuledag mandag den 20. august. Han begynte i klasse 1B på Sørborgen skule i lag med 18 andre guttar og 9 jenter, eg vil tru at kontaktlæraren vil få litt å bryne seg på. På bildet under er Martin på vei til sin første skuledag. Martin ser ut til å finne seg godt til rette på både SFO og skulen. Det er mange nye å bli kjent med, og han har funne fleire nye kameratar.

Martin på vei til skulenMartin helser på lærarane

Jenny begynte på Knærten friluftsbarnehage den 8. august, og det ser ut som om ho trivst godt. Oppstarten verkar lovande, og i følge dei ansatte på maurtua (avdelinga til Jenny) er ho ei skikkeleg kosejente og nesten alltid blid.

Den 31. juli vart Jenny 1 år. Hurra!! Den 2. august arrangerte vi ein felles 1 årsfeiring i lag med Daniel som vart 1 år den 4. august. Daniel og familien vart vi kjent med gjennom barselgruppa. Det var kjempeartig med felles feiring, fleire smårollingar frå barselgruppa var med, totalt var vi 16 stk. til bords. Det var stor stemning :-)

Jenny sin 1 års bursdag
gavebandet er kjempeartigMartin og Jenny

Jenny fekk mange fine gaver, blant anna fine kjolar. Tusen takk. Det er stas med ei lita jente i familien, sjekk kor fin eg er i dei nye kjolane mine :-) Jenny har i det siste blitt flink til å reise seg, og er blitt ein racer til å klatre trapper. Ho er dessuten veldig hjelpsom, og ryddar stadig i gryte lokka og cdane våre.

Jenny 1 år i kjole frå TrineJenny 1 år i kjole frå Ellen

Høgdepunktet i sommar var nok då tante Jorun og Nellie kom på besøk, og vi tok oss ein tur på Pirbadet. Martin vart med til Utvik, og var der ei vekes tid åleine. Det var stor stas å få vere på ferie uten mamma og pappa. Det var tydeleg at han trivdes veldig godt i lag med Nellie og resten av familien. Tante Jorun og Martin fant tonen i all fall..

Det var artig å få helst på familien (ingen nemnt ingen gløymt) og vi kosa oss nokre dagar i Utvik og Innvik då vi var nedover og henta Martin heim igjen. Eg legg ved nokre bilder, det ligg fleire bilder under bildegalleriet for dei som vil sjå fleire bilder. Vi kan ikkje ta med alle her..

Tante Jorun og Martin kosar segNellie, Martin og Jenny på trilletur
Oldemor Petra i lag med Martin, Jenny og KristinJenny i lag med gudmor Ellen

Ha det bra så lenge.

Endeleg sommar!

Hei igjen!

Sidan sist har vi hatt både påske og ein ganske kald vår, men no har vi endeleg fått sommar.

I midten av februar fekk vi eit overraskande og svært hyggeleg besøk av Ellen, Snorre og Bjørn Otto. Dei var på dagstur for å sjå på bil. Då vart det tatt eit fint bilde av gudmor Ellen og Jenny, det må eg berre ha med, sjølv om det skulle vore med på forrige blog.
Gudmor Ellen og Jenny

I påska var vi heime og slappa av, det vart omsider nokre fine soldagar på tampen av påska. Då var vi ute og kosa oss. Under ser vi nokre bilder frå påska. I påska hadde vi besøk av Jenny, Therese og Øyvind. Det var kjempe koseleg, og begge Jenny'ane såg ut til å like seg i lag.

Jenny er blid i påskesolaMartin prøver flaske-banaTo blide Jenny'arTherese og Øyvind

Vi har hatt ein del besøk i løpet av våren. Mot slutten av mars var Aina og Marte ein snartur på besøk. Det var kjempeartig å leike med Marte synst Jenny.
Marte og Jenny leikar

Like etter påske kom Anette ein tur, og vi hadde ei kjempekoseleg helg i lag. Vi håper på at ho kjem litt oftare på besøk i tida som kjem...
Anette kosar seg med Martin og Jenny

Det var veldig hyggeleg at Kaare Mevær tok seg tid til å stoppe nokre netter hjå oss på vei nordover (som trekkfuglane) mot Loppa øy.
Kaare i lag med Martin og Jenny


Det var som vanleg stor stas då bestemor og bestefar var på besøk. Sjekk kor fint "holrom" det vart etter at fortennene til Martin "endeleg" datt ut i vår.
Bestemor og bestefar med JennyBestefar og Martin

I barnehagen har det vore mange aktivitetar, karnevalet i vår var populært. Dei har vært på tur til Stiklestad og Væreholmen i tillegg til sommarfest. Martin har vært på "bli kjent" dag på skulen, og han er no klar for å begynne på skulen til hausten.
Martin og Oliver, tøffe guttar

Her er eit bilde av Martin og Jenny på 17. mai.
Pynta til 17. mai feiring

No gledar vi oss til sommar og sol. Vi hadde ein varm periode her i starten av juni, og då kosa Jenny seg i varmen. God sommar til alle som er innom oss.
Jenny kosar seg i varmen

Jula 2006 og 6 års bursdagen til Martin er vel overstått!

,

Hei igjen!

Tida flyg altfor fort, og no er det på tide med eit lite livsteikn frå oss igjen. I jula kosa vi oss, og det var godt å slappe av etter ein litt hektisk haust. Martin var veldig høgt oppe, og i år fekk han opne alle gavene til Jenny òg. Det var kjempeartig... I romjula var vi ein tur og besøkte Gunnar og Brit på Fannrem. Etter ein nydeleg laksemiddag, var det kaffe/te og kaker. Terje og Hilde kom ein tur innom med Thea og Nora. Tvillingane var blitt store sidan sist vi såg dei.

Martin midt i julepakke opninga

Pappa kosar seg med Martin og Jenny

Julepynta jenter

Julebesøk til Gunnar og Brit, mange småjenter her

Nyttårshelga fekk vi besøk av bestemor og bestefar, det var sjølvsagt stor stas, og leikebilen "lynet" som dei hadde med seg som julegave var midt i blinken. Martin er veldig glad i denne bilen.

Stas med besøk av bestemor og bestefar

3. Januar feira Martin 6 år. Han hadde ein fin bursdagsfest med kompisar frå både "Tiurtunet" og "Sletten" barnehage. Det gjekk kjempefint, og alle leika seg veldig fint.

Bursdagsfest Martin 6 år

I januar har vi hatt ein del besøk. Marcus Andrè med familie var på besøk første helga i januar. Marcus Andrè og Martin gjekk fint i lag, og vi voksne kosa oss òg.

Marcus Andrè og Martin leikar seg

Siste helga i januar hadde eg besøk av 4 av mine barndomsvenninner frå Sande. I løpet av ei kort helg klarte vi å presse inn Trondheimstur med kafebesøk, og ein god middag på restaurant. Og ellers gjekk praten laust, vi kosar oss skikkeleg når vi ein sjelden gang treffast.

Festlig venninnegjeng

Sidan sist har vi invistert i slalom utstyr, og helga 15.-18. februar tok vi oss ein vinterferie. Vi leigde hytte på Teveltunet, og tok oss turar til alpinanlegga på Meråker og Storlien. På Meråker alpinanlegg var det veldig bra forhold for dei minste, og ypperleg for Martin å prøve ut dei nye slalom skia. Det var ikkje heilt enkelt å lære frå seg "gamle" kunster i slalom bakken, men etter litt prøving og feiling, var det ein "reddande engel" som tilbydde seg å ta nokre turar i lag med Martin. Det gjekk kjempefint, og Martin synst i all fall det var artig. På Storlien synst vi bakken var litt vel bratt, og Martin var nok ikkje heilt klar for den bakken. Så siste dagen drog vi til Meråker igjen. Vinterbilder får kome i neste blog.

No er vi endeleg på plass i Klæbu!

,

Ja, no har vi budd i "nyhuset" i Klæbu i godt og vel ein månad alt. Det har vore ein svært hektisk periode, og derfor har det vorte lite tid til "blogging".

Martin begynte på Sletten barnehage den 3. oktober. Sletten barnehage er ein nyoppstarta barnehage med 47 barn frå 3 til 5 år. Oppstarten har gått fint, Martin trivst godt, og han har blitt kjent med mange nye både store og små. I det siste er det ein kompis som heiter Oliver han har leika mykje med. På bildet under er Martin i lag med barn på Sletten barnehage.

Martin i samlingsstund Sletten barnehage

Jenny veks fort og ho er snart 4 mnd. Ho er sosial og vil helst vere med der det skjer. Ei lita viljesterk jente! . Ho er stort sett blid, og delar ut store smil og latter til alle som gir ho oppmerksomhet. Ho har begynt å interessere seg for leikar. På bildet under ligg ho og leikar seg.

Jenny leikar

Søndag 12. November vart Jenny døypt. Fadderar til Jenny er Trine, Tommy og Monica og Ellen (som bar Jenny). Vi hadde ein fin seremoni i kirka, og alle barna var med og hjalp til. Martin bar inn muggen med vatn. Jan Tore slo vatnet opp i døypefonten. Nellie og Adeleine las kvar sin tekst. Jenny skreik litt rett før ho vart døypt og då ho fekk vatn på hodet. Dåpsfesten etterpå hadde vi heime og det var kjempehyggeleg. Jenny sov gjennom heile middagen, og vi måtte vekke ho på slutten sånn at ho fekk helse på gjestane før dei måtte reise. Det var kjempekjekt at så mange tok seg tid til å kome lang vei for å feire dåpen til Jenny. Jenny fekk mykje fint til dåpen sin, og vi vil gjerne takke for alle gavene.

Nellie, Adeleine, Jan Tore, Martin og Jenny På vei inn i kirka Jenny sin dåp

Jenny er blitt 6 veker!

Hei! Tida flyg så altfor fort, Jenny har alt blitt 6 veker. Ho har begynt å gi tydeleg tilbakemelding med nydelege smil og litt pludring når ho får oppmerksomhet. Ho er god til å ete, og mykje av dagen må ho mor amme, og det gir resultat... Jenny er passert 5 kg (skal veie ho på 6-vekers kontroll i morgon), og har gått opp i str. 56/62 no. Jenny liker å bade...

Vi har fått veldig mykje fine klede til Jenny, og nydelege blomster i forbindelse med fødselen. Det set vi stor pris på, tusen takk til alle. Takkekort er snart på vei.

Jenny,

Sidan vi enno ikkje har flytta, fekk Martin "lov" å starte opp igjen i Tiurtunet barnehage. Det er kjekt for han å få leike og "rase i frå seg" i lag med kompisane der. Det vart lange dagar heime i lag med mamma og Jenny. I oktober skal Martin endeleg starte i Sletten barnehage i Klæbu. Det blir spennande. På bildet nedanfor er Martin i lag med ungar i Tiurtunet barnehage på høstfesten for ei stund tilbake.

Høstfest i Tiurtunet barnehage

På søndag for ei veke sidan vart det årlege båtræset i Trondheim arrangert. Heimesnekra båtar (laga av ungar) vart satt ut like ved Nidarøhallen og første båt til Marinen vann. I år laga Martin båten sin heilt åleine, og den vart kjempefin. Det var regn heile dagen, og alt vart vått.. Jenny sov seg gjennom heile båtræset.

Båtræs i regn

Ørjan har i haust blitt student, han har starta på Høgskulen i Sør-Trøndelag, på studieretning Bygg. Studiane tar mesteparten av tida på kvardagane, og evt. "fritid" blir brukt på oppussing. Det begynner å nærme seg slutten av oppussinga. Men som kjent tar alt litt lenger tid enn ein trur. Planane er å flytte til Klæbu i mnd's skiftet september / oktober, evt i starten av oktober. Vi har fått solgt rekkehuset, og nye eigarar skal overta den 1. november.

Jippy!! Lillesøster Jenny kom til verden

,

party

Endelig er ventetiden over.

Litt over klokken seks om morgenen mandag 31. juli ble Martin sendt til noen naboer mens vi dro i full fart til sykehuset. Og 08.53 så kom Jenny skrikende til verden. Hennes vitale mål ved fødselen var 4290 gram og 51 cm.

Navnet hennes blir Jenny Holmøy Berg, hun er oppkalt etter Ørjans bestemor Jenny Berg.



Hei hei alle sammen, her er jeg

IMG_8949





Martin er stolt storebror

IMG_8951




Bra jobbet Kristin

IMG_8957




Stolt far

IMG_8948

Den 29. oktober gifta vi oss!!

Eg har lenge tenkt eg skulle legge inn ein kommentar til denne bloggen, og omsider har eg tatt meg tid til å sette meg ned. Første blogg frå meg må bli om vårt bryllaup den 29. oktober 2005. Vi har holdt i lag i mange år, ja, vi har vore kjærestar sidan 1. april 1990. Så vi pleier å seie at vårt forhold er ein lang aprilspøk. Vi hadde vore forlova sidan hausten 1991, då Ørjan endeleg fridde...

Vi gifta oss på tinghuset i Trondheim, med gode vennar som vitner, Siv Elin og Vidar. Etter vigselen var vi alle på Palmehaven og åt lunsj og drakk champagne. Deretter for Martin, Ørjan og eg på hotell og slappa av før vi åt middag på restaurant Prins Olav Grill (Royal Garden). Nydeleg mat og fantastisk stemning. Ein flott dag, og Martin var med heile dagen, til og med på "drink" i baren før vi overnatta på hotell. Martin synst det artigste var frokosten med Corn Flakes og mykje god mat.

Ingen i familien visste om at vi gifta oss den dagen, og det var artig å ta ringerunden på søndagen og fortelle at no var vi gift. Alle gledar seg med oss, og vi har fått mykje positive tilbakemeldingar i ettertid og mange fine presangar.

Nedanfor kjem det nokre bilder som viser kor flott bryllaup vi hadde. Vi er fortsatt svært forelska, og snart kjem lillesøster, kanskje ho kjem på dagen 9 mnd. etter bryllaupsdagen?

Her er vi nygifte utanfor tinghuset

Bryllaupsmiddag, ser vi ikkje lykkelege ut?

Her er favoritt guttane mine!