Sunday, July 9, 2006 5:32:54 PM
Jepp, du leste rett, Bombeklüchter er framleis i studio, og trives med det. Me er nesten ferdige med trommespora (me skal ta oppatt RSangen då me har oppdaga at innspeling med metronom vil gjera resten av innspelingane mykje lettare), og skal ta til på bassinga komande veke. Noko som gjer oss særs oppglødde. Ellers har me det bra. Oppgåve til neste veke: Finn ut kven som oppretta Robert Borlaugs parti for nedsettelse av kurtise.
Tuesday, June 27, 2006 10:09:02 PM
Syrstrondspunkegruppa Bombeklüchter er i studio om dagen, og freistar å festa dei gamle hitsa på tape. Eller strengt tatt er det vel snakk om digital disk, men likevel!
Ny song er laga (Andra Vikao No), trommelyden er sett (det blir litt skranglete,men likevel tyght), men me klarar ikkje å finne ein god gitarlyd enno.
Når det gjeld val av punkecoverlåt, er me usamde. Korkje Håvard eller Gunnar likte framlegget mitt om å covra Åge Aleksandersens geniale Lys og Varme. - Kva veit vel dei to jazztryna der om rock n roll, tenker nok du også. - Dei liker jo ikkje punk ein gong.
Ganske riktig, men me bøyger oss jo sjølvsagt for demokratiet, og sparar låta til ein anann produksjon.
Meir news Bombeklücheter sin studioaktivitet, og val av coverlåt kjem snart...
Tuesday, June 27, 2006 9:56:51 PM
Yess! Kids In The Heat-plata Snowjogg Lady Attraction er ute! Det har den rett nok vore ei stund no ( og over halvparten av opplaget er seld), men den er like fult ute.
Vi hadde release-gig, og det gjekk så som så. Men kva anna kan ein vente etter to øvingar.
Kjøp plata, eller vent på mp3 filene!
Wednesday, May 24, 2006 9:03:38 AM
No er det berre få dagar att til ein flunkande ny Kids In The EP blir sleppt til massane. Vi i Jocko Records gleder oss stort over å kunne melde om att trass i problem med lydkortet, PCkræsj, ein knust gitar og andre mindre, men irriterande, problem, er produktet begynt å ta form, og det ser bra ut.
Still deg i kø, for denne plata kjem til å forsvinne fort frå hylla!