DumDumBoys rocket Vika!
Sunday, August 6, 2006 11:26:00 PM
Har gått nokon veker sia den gjekk av stabelen, men pga tur til Sverige og mykje fint ver har eg ikkje gidda å skrive noko før no.
Sjøl om eg ikkje bor alt for langt unna måtte eg jo selvfølgelig vere med å campe. Campen låg på Sagbakken, og siden det er eit stykke unna sjølve festivalområdet vart det ein mykje roligare camp en det pleide å vere på Sjonstock. Festivalområdet var stort og fint, men det kunen med fordel vore litt mindre sand og litt flere søppeldunker.
I tillegg til storscena var det ein mindre ei i eit telt (som undertegnede var med å sette opp og ta ned då det vart brukt under ein anna festival) litt lenger bak.
Her er litt om artistane:
Fredag
Diskotek: Fekk ikkje med meg dei.
Paperboys: Kult, men ein smule einsformig
Kaizers orchestra:Funksnatchers
Brant Bjork and the Bro (US): Hørte ikkje heile, men dei fyrste tyve minuttene besto av tre musikarar som sto og hadde ein treig jam for seg sjølv heit utan å bry seg om publikum. Bånn i bøtta!
MEW: Meget bra band, med ein gullstrupe av ein vokalist. Fekk desverre ikkje med meg heile, men det eg fekk med meg var kjempemessig.
DumDumBoys: Det store høgdepunktet. Gutat blir berre betre og betre for kvar gong eg høyrer dei. Alle låtene sitter som et skudd, lyssettinga var overlegen, og publikum var helt med. Enhjørning, Splitter Pine og "klineballaden" Metallic hvit kom som ekstranummer. Helt konge!
Pillow: Gadd ikkje høyr dei.
Lørdag
Funkservice International: Ikkje høyrd
Ghost Dog: Heller ikkje høyrd (sorry Tage)
Art Brut (UK): Fekk ikkje med meg dei heller, gitt
Mira Craig: Faktisk ikkje så ille som eg hadde venta. Dama er faktisk penere i virkeligheten enn ho er på tv, utruleg nok!
Håkan Hellström (S): Overraskelsen. Aldri vore nokon stor fan av han, men denne konserten var verkeleg ein sprudlene og morsom affære. Håkan hadde publlikum i sin hule hånd gjennom hele konserten. Knall!
Marit Larsen: Flink jente, det må eg seie, men det vart litt for trang i teltet til at eg greide å få fullt utbytte av konserten.
Turboneger: Meget bra. Fullt trøkk. Alle kremlåtene var med. Fekk til og med den nordnorske versjonen av I got erection! Morosamt =)
Motörhead (UK): Ja kva skal man seie? Har aldri nokonsinne fått så mange desibel i trynet på ein gong. Eg kjem aldri til å kunne høyre normalt igjen!
Minor Majority: sjølvsagt måtte dei ha et skikkeleg nachspielband til å avslutte festivalen. Funka helt greit, d.
Alt i alt ein bra festival, og eg ser fram til neste år. Men det gjer neppe arrangørane av Sjona Rockefestival, som no må reke land og srand rundt for å låne penger =)
Les mer om Vikafestivalen på www.vikafestivalen.no









