Nannskog klar for Stilongs!
Wednesday, November 30, 2011 7:01:08 PM
Søndag kveld vart det klart at måltjuven Daniel Nannskog er klar for spel i Stilongs-trøya! Meir om det her:Etter fleire intense månadar med forhandlingar, vart det søndag endeleg klart at Daniel Nannskog har skreve under på ei toårskontrakt med Stilongs FK. Sjefsforhandlar Vegard Halkjelsvik vart sendt ut av styret i Stilongs for å sikre underskrifta. Halkjelsviken hadde dette å meddele etter at signaturen var i boks: ”Eg er særs fornøgd med å danse denne storfisken i land. Då eg fekk det prestisjefylte oppdraget med å sikre Nannskog si underskrift vart eg litt i overkant nervøs. Mannen er jo ei legende”.
Det var nemleg ikkje lett å få Namnet til svensken på papiret. For å skrive under, hadde Nannskog eit krav om at det skulle arrangerast ein dansekonkurranse. Dersom Halkjelsviken klarte å vinne over Nannskog i ein dance-off på utestaden Ricks i Bergen, seint søndag kveld. Kravet vart overhaldt og golvet vart rydda for folk, slik at kampen om underskrifta kunne starte.
Rett før kampen starta, blei begge partar einige om å styrte nedpå 4 tequilashots for å la føtne gli betre over parketten.Etter at alkoholen hadde fått litt tid på å sette inn, starta Nannskog raskt med nokre frekke twists i rein Chubby Chekker-stil. Halkjelsviken svara med eit fantastisk splitthopp og ein dobbel bakoversalto.
Då svara Nannskogen med ein sokalla handståande frontflip. Men då Halkjelsvik kontra med ein kvadruppel piruett med innlagt splitthopp, måtte svensken kapitulere og signere papira som bind han til Stilongs i to år framover.
Nannskog hadde dette å seie etter at papira var underskrevne:
” Jag hade faktiskt inte trott att jag skulle skriva för Stilongs idag, men Halkjelsvik hade några fantastiska danssteg som jag bara att böja mig i stoftet. Annars ser jag fram emot att göra mål många mål för Stilongs under de kommande åren Prim, Los Caballeros och Melk kan bara titta ut”.
Stilongs-web gledar seg til å sjå Nannskog i Stilongsdrakta og ønskar han lykke til i klubben!







