Thursday, February 10, 2011 6:33:20 PM
Etter ein veldig bra start på årets VBC, der vi starta med 2-0 siger mot bronsevinnarane VRF, endte det med at vi rauk ut på eit særs ufortjent tap i kvartfinalen. Etter å ha spelt 0-0 og 1-1 dei to siste kampane i gruppespelet mot FC Gullkysten og Joe's Sushi, møtte vi Smygard FC i kvartfinalen. I denne kampen kontrollerte vi heile tida, men det endte 0-0 etter ordinær tid. Då gjekk vi inn i ekstraomgangar der golden goal regelen var gjeldande. Her hang vi ikkje heilt med, så det blei scoring så godt som rett frå avspark. Surt, men vi kan vere nøgd med godt spel!

Ellers vil vi gratulere Langlo 3 Legends med sigeren i årets VBC!
Mvh Rocky
Thursday, February 3, 2011 7:48:45 PM
Gløymde å legge ved årets tropp!

Stilongs Junior stiller med følgande tropp:
Sindre Longva (Keeper)
Preben Austnes Lorgen (Forsvar)
Eivind Fugledal (Forsvar)
Robin Vindsnes Haram (Forsvar)
Mads Uri (Forsvar/Angrep)
Tore Johan Gjerde (Angrep)
Håkon Haram (Angrep)
Pedro Silva (Angrep)
Pål Forr Austnes (Assisterande Manager)
Jann Edu Haram (Maskot)
Eirik Flem Slyngstad (Fotograf)
Thursday, February 3, 2011 6:42:52 PM
Ser ut som det er endringar i kampoppsettet, vertfall ifølge vestborg.no. Der står det at vi er igrupp med Smygard FC og Tort Gras, men det er ikkje nemnt tidspunkt på kampane. Forhåpentlegvis får vi ei avklaring på dette i løpet av kvelden, viss ikkje får vi ta det som det kjem!
Mvh Rocky
Thursday, February 3, 2011 5:45:49 PM
Kampoppsettet til Vestborgcup er no klart, vi har havna i gruppe med VRF, Joe's Sushi, FC Gullkysten og Tronic Joik. Vi startar med kamp fredag kl. 00.00 mot VRF, deretter enda ein kamp kl. 01.00 mot Tronic Joik. Etter ei (forhåpentlegvis) god natts søvn er vi klare igjen til dyst laurdag kl. 12.30 mot FC Gullkysten. Siste kamp i gruppespelet for oss er kl. 13.10 mot Joe's Sushi. Ein eventuell kvartfinale vil for oss bli enten kl. 16.15 eller 16.45, ut ifrå kva plassering vi får i gruppa. Dersom vi også skulle klare semifinale vil den bli spelt enten kl. 19.00 eller 20.00. Og til slutt, om vi skulle gå heile vegen vil finalen bli spelt kl. 22.45. Det er berre å glede seg!
Ellers reiser vi frå Haramsøya med hurtigbåt kl 15.20, og buss frå Ålesund til Stranda kl. 17.00.
Ellers må alle huske å ta med seg draktsett, chill klede og så klart gode og bra forberedte fotballføter!
Og for å slå tilbake mot Bjørnar sitt sitat "Vi trossar vinterkulda utan Stilongs", så vel oss å gå samla inn i vinterkulda MED Stilongs!

Mvh Rocky!
Saturday, December 18, 2010 4:50:49 PM
I dag, 18.12.10, var vi som kjent i Sunnmørshallen og deltok på Umbro5cup. Etter ein tung dag på bana som endte med tre tap mot henholdsvis Entourage, Klæve Futsal og Lennart Tetlie's Pølsefest, fekk vi ei gladnyhende. Ein av spelerane som var med oss i dag har bestemt seg for å bli fullverdig medlem i Stilongs Junior. Han er kjent for sin svært gode teknikk, og har også veldig høg fart! Dette er ein type spelar vi har leitt etter lenge, men ikkje klart å funne. Så no vil eg ønske hjarteleg velkommen til Pedro Silva! Han vil no få namn og nummer trykt på ei av reservedraktene våra!

Mvh Rocky!
Thursday, December 16, 2010 2:03:47 PM
Håper alle saman er klare til kamp i helga! Vi har kampar kl. 12.15, 13.30 og 14.15. Difor reiser vi frå øyane på hurtigbåten som går kl. 09.25 frå Haramsøya! Alle må huske å ta med seg draktsett, kunstgras sko, leggskinn og 100 kr i påmeldingsavgift!
Mvh Rocky
Tuesday, December 14, 2010 5:56:26 PM
Då var endeleg kampoppsettet for helga klart! Vi har ikkje møtt nokon av desse laga før, men vi møter det laget eg absolutt ikkje ville møte, Entourage! Vi får berre gå utifrå at alle desse blir veldig tøff motstand for oss!
Her er gruppa vår:
Stilongs Junior
Entourage
Klæve Futsal
Lennart Tetlie's Pølesfest
Vel møtt!
Tuesday, December 7, 2010 4:32:41 PM
Etter beskjed frå aller øverste hald, fekk vi beskjed om at vi skulle melde oss på Umbro5Cup! Den går av stabelen 18. desember i Sunnmørshallen. Meir info kjem seinare, om tropp osv. Hald dykk i form!
Mvh Rocky
Monday, December 6, 2010 3:18:53 PM
Endeleg fekk Team Tribute fart på sakene, så no er kampen avtalt. Den går søndag 12.12.10 i idrettshallen i Brattvåg kl. 14.00. Vel møtt!
Sunday, December 5, 2010 12:32:20 PM
For ei lita stund sidan, var ein del av oss i Stilongs Jr. på dans her utpå øyane, slik som vi brukar. Der møtte vi på ein kar, som er godt kjent her ute. Vi tok oss ein prat med han, so høfleg som vi er. Etter ein lang og god samtale kom vi inn på vårt vante tema, Stilongs og Stilongs Jr. No kom den store overraskelsen for oss, han sa han ville vere med i Stilongs Jr. i år! Denne nyhenda tok vi so klart imot med opne armar, sjølv om vi var litt i tvil på om han var seriøs, med tanke på forholda vi var i. Dagen derpå snakka vi i Stilongs Jr. om dette, om han verkeleg meinte kva han sa. Vi valgte å la det ligge, og heller håpe på det beste. Men her ein dag, kommenterte han på ein Facebook status, der han sa han var seriøs, og kom til å vere med! Og etter ein prat med han i dag, bekrefta han ytterlegare at han var med, både i vår kommande treningskamp mot Team Tribute, og også Vestborgcup 2011! Denne karen har ca. 35 kampar under beltet for vår storebror, Stilongs. I tillegg er han ein erfaren spelar i 5. divisjon for HaNo, der han har vist si klasse opptil fleire gongar!
So no vil eg ønskje velkommen, ingen ringare enn, Preben Austnes Lorgen!
Som dykk ser på biletet har han fleire talent enn berre fotball!