Skip navigation.

Rurale refleksjonar

- ein upretensiørs freistnad på å samle nokre inntrykk om det rurale

Posts tagged with "Matvarekrise"

Politisk støtta jordrøveri

, , ,

15 milliardar dollar i almisse er det som skal til for å sikre at vestlege agrobusiness selskap for halde fram sin systematiske plyndring av fattigfolks jordbruksland. For det var omtrent det som kom ut av G8 møtet sine drøftingar av verdas matvarespørsmål i L'Aquila i Italia førre veke. I over 20 år har det internasjonale samfunnet systematisk ignorert matvarespørsmålet og vona at ein eviggrøn revolusjon skulle greie å halde svolten frå dørene i all framtid. Men ved inngangen til 2007 fekk me dei fyrste signala om at revolusjonen var falma i fargen.

Read more...

Emissæren Sachs og frihandelsdogmet

,

Eg får dei same assosiasjonane kvar gong eg ser han avbilda. Jeffrey Sachs, denne nyvaska stjerneøkonomen som med sine enkle reknestykke og løysingar føreset konsekvent at alle forslag verkar som dei er tenkt. Han greier på eit underleg vis å setje meg attende til indremisjonsmøta i mi heimlege sunnmørsgrend på slutten av 70- og fyrst på 80-talet.

For der står han, emissæren, smilande og nykjemd i blåskjorta si, med ein ulasteleg slipsknute perfekt stramma under adamseplet. Men det er meir enn utsjånaden spesialrådgivar for FN og prestisjeøkonom Sachs har til felles med min barndoms emissærar. Ingen av dei har nemleg nokon sinne spurt etter empiriske prov for læra dei predikar.

Read more...

Profeten Friedman og Kyrkjas Naudhjelp

,

På den nyleg avslutta konferansen om matprisar og matvaretryggleik som vart held av dei Sameinte Nasjonar (SN) sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) i Roma var det ei syrgjeleg semje om at svaret på verdas elende denne gongen ikkje berre er frihandel, men meir frihandel. Problemet vert større når heller ikkje folk som me ønskjer å ha tillit til greier å rette merksemda mot anna enn skinnproblem og syner seg heilt ute av stand til å bryte med brutalitetsdoktrinen frå Milton Friedman.

Slik eg les Atle Sommerfeldt og Helene Hoggen frå Kyrkas Naudhjelp (Ny Tid 18. april 2008) og deira desperate ropt etter den gamle oppskrifta åt Chicago økonomane, er det effekten av argumentasjonsmåten deira som uroar meg mest. Deira skinnkritikk av verdas handelspolitikk bidreg einast til å skape konsensus om nett den same handelspolitikken.

Read more...

Ei matvarekrise på gjenbesøk

,

Ei matvarekrise har heimsøkt oss igjen. Over heile verda finn me familiar som nett i denne stund kjenner krisa på kroppen. Millionar av menneske i minst eitt dusin land er ute av stand til å skaffe den maten dei treng. Dei lyt gå svoltne ikring i gatene og sjå feittdrypande kyllingar henge på utstilling i kjølediskane. Frå Egypt til Indonesia, frå Haiti til Thailand og i store delar av Afrika sør for Sahara kan me dagstøtt vere vitne til valdelege gateopprør som fylgje av ein gnagande frustrasjon over aukande matvareprisar og ein stadig meir reell matvareknappleik. Og regjeringane byrjar kjenne pusten av mobben i nakken, for kvar dag som går opplever dei lægre odds for å overleve politisk. FN-analytikarar og annan forskingsbasert ekspertise omtalar krisa som den verste som har råka verda sidan fyrst i 70-åra, men sjølv trur eg ho er endå verre. FN trekkjer fram fire hovudfaktorar for å forklare det som skjer: 1) etterspurnadsauke, 2) avlingssvikt, 3) omdisponering av jordbruksareal og 4) aukande oljepris. Eg skulle ønskt dei også kunne bruke litt ressursar også på å kome opp med eit svar på korleis me kunne la dette skje igjen.

Read more...

January 2010
S M T W T F S
December 2009February 2010
1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30