Dei som sel landet
Tuesday, 17. November 2009, 13:58:40
Når eg hevdar at post-modernismen har fått for stor tyngde i den rådande retorikken kring norsk bygdeutvikling meinar eg ikkje at bønder, bygdeutviklarar eller bygdeforskarar er post-modernistar. Det eg hevdar er at postmoderne teori har gjort noko med oss, den har gjort noko med korleis me betraktar det rurale – altså korleis me ser på bygdene og dermed også for kva rolle bygdene våre har fått tildelt. Det er nett denne gjennomslagskrafta og implikasjonane dette har for grendene som uroar meg. Dette er ei uro som seniorforskar Jostein Vik ved Norsk senter for bygdeforsking tydelegvis ikkje delar. I ein kronikk i Nationen laurdag 7. november, og i eit innlegg her på bloggen den 15. november, går han i debatt med mine to innlegg ”Vondtet i norsk bygdeutvikling” (Syn og Seg nr 3, 2009) og ”Middelklassebygda” (Dagen Næringsliv 1. oktober 2009). Han argumenterar for at sidan berre fem prosent av bøndene driv med produksjon av mjuke ostar så eksisterar det ingen retorikk med referanse til post-modernismen i bygdeutviklinga. Men sjølv om bøndene ikkje kastar seg på trenden betyr ikkje det at trenden ikkje finst, det fortel einast at det sunne bondevitet finst. Slik sett har nok bygdeutviklarar og prosjektmakarar noko å lære av norske bønder.
Vik erkjenner ganske enkelt ikkje at det eksisterar tendensar til varedanning, eller kommodifisering som akademikarane gjerne likar å kalle det, kring om i dei norske grendene. Han ser ikkje at satsinga på småskala nisjeproduksjon og marknadsføringa av grendene som attraktive bustadar for hippe kontraurbanistar og flyktige turistar har nokon ulemper. Det verkar ikkje som han ser at det teoretisk sett kan eksistere ulemper heller. Rådet frå Vik, slik eg les han, er berre; meir av same sorten.











