Kom over eit Google-banner med denne teksten:
Download Veronica Mars
Watch & Download Veronica Mars Episodes to Watch at Any Time!
Eg er stor fan av Veronica Mars, og ein del av meg er livredd for at sesong to kanskje ikkje kjem til norsk TV, så å laste ned serien frå nettet -- i lovlege former, såklart -- er noko eg kan vera veldig interessert i. Så eg klikka på linken.
Eg kom til ei side der det var ein del knappar med «Click here to download TV shows» og andre ting ein kunne registrere seg for å få laste ned. Elles var det ikkje så mykje på sida, bortsett frå lister over alle dei rare tinga det går an å laste ned, pluss nokre standardlenkjer og ein disclaimer nedst på sida. Vel, eg antok at eg ville få meir informasjon om eg klikka på Download. Så det gjorde eg.
Men nei. Ingen informasjon om kva det ville koste meg å laste ned seriar / abonnere på seriar, ingen informasjon om kva fordelar og ulemper ein fekk i det heile tatt. Berre at ved å registrere meg ville eg få tilgong til TV-seriar og andre ting som eg kunne laste ned til harddisken min og ei innføring i korleis eg gjorde det, og eit felt der eg skulle skrive inn e-postadressa mi. Eg blei skeptisk. Eg vil helst vite kva det er eg får før eg oppgir noko som helst av personleg informasjon. Eg skjønte at det dreidde seg om eit P2P-nettverk, men pengar var til dømes ikkje nemnt med eit ord. Og eg går automatisk ut frå at TV-selskap ikkje gjer seriane sine tilgjengeleg over nett heilt gratis, så ... eg klikka meg tilbake og gjekk ned til standardlenkjene nedst på sida og fann den som heitte «Help and FAQs». Det måtte vel vera eit vanleg spørsmål korleis dette eigentleg fungerte?
Men nei. Det stod svar der på korvidt programmet ville fungere for Mac og Linux, og AOL, og modem, og ... eg blei meir og meir skeptisk. Eg registrerer meg ikkje i nokon form for kundedatabase dersom eg ikkje veit kva eg får.
Så glei blikket mitt nedover til disclaimeren ... og eg blei forbanna.
By using this service, you agree to the following conditions: You may not use this service to obtain or distribute software or any other copyrighted material that you do not have the right to. Any violators must leave this site immediately.
Grunnen til at eg kom til sida i utgangspunktet, var at dei annonserte med at eg kunne laste ned Veronica Mars der. På forsida annonserer dei med svære bokstavar at her får du eit program du kan bruke til å laste ned alle favorittseriane dine. Og med bitte små bokstavar skriver dei at eg berre kan gjera det dersom eg allereie har rettigheitene, noko eg går ut frå tyder at eg allereie eier serien på DVD eller VHS. Og det gjer eg ikkje. Hadde eg gjort det, hadde eg sikkert ikkje vore så ivrig etter å laste ned programmet heller. Eg går ut frå at eg tok feil i at dette kosta pengar, og at nedlastinga er fullstendig gratis, men det hjelper lite om eg ikkje har lov til å bruke det.
Eg blei irritert. Framover kjem eg til å klikke på banner for nemnte nettside kvar einaste gong eg ser det, berre for at dei skal tape nokre kroner. Synest at sånt er tåpeleg, nemlig.
Dersom TV-selskapet vil gi meg serien gratis, tar eg gladelig imot. Dersom TV-selskapet vil selge serien til meg, er eg villig til å betale dersom det ikkje blir for dyrt. Dersom nokon vil gi eller selge serien til meg på vegne av TV-selskapet, er eg like villig. Slik får eg rettigheitane til serien samtidig. Når eg ser reklamen «Her kan du laste ned Veronica Mars», går eg ærleg talt automatisk ut frå at det er ein av desse situasjonane eg vil bli presentert for om eg klikker på denne reklamen. Eg går ut frå at dei som er mest interesserte i å få tak i ein TV-serie, *ikkje* er dei som allereie har serien på DVD.
Vel, vel. Eg må berre krysse fingrane for at TVNorge har vett til å vise sesong 2 ... eventuelt kaste frå meg mine fordommar mot sone 1-DVD og vera førebudd på å kanskje måtte kjøpe ein ny DVD-spelar dersom det skulle bli problemer med å sjå dei.
Men eg hater verkeleg villeiande marknadsføring. Når du reklamerer for at du har noko eg kan få tak i, forventer eg at du kan gi det til meg eller selge det til meg, utan at det er ei forutsetning at eg har det frå før eller på ein annan bisarr måte klarer å få kjøpt rettigheitene til det. Når eg kjøper nye TV-seriar, kjøper eg stort sett dei som eg *ikkje* allereie har. Eg er litt rar sånn.